Multirolle UAV med multiparameter optimalisering av platform og operasjonsprofil
Godkjenningen dokumenterer en skattefradragsordning, men kilden publiserer ikke faktisk skattefradrag per prosjekt.
Prosjektopplysninger
- Prosjektperiode
- Instrument
- Skatte-/avgiftsfordel
- Støttegiver
- SkatteFUNN / Norges forskningsråd
- Vedtaksdato
- Program/aktivitet
- SkatteFUNN
- Prosjekttype
- SkatteFUNN-prosjekt
- Kommune
- Herøy (Møre og Romsdal)
- Fylke
- Møre og Romsdal
Offentlig prosjektsammendrag
Prosjektet skal ta fram eit nytt konsept for ein UAV - drone - med faste vengar, evne til å starte og lande lodrett eller på veldig korte distanser, og operere under røffe vêrtilhøve. Som ein del av prosjektet vert det også utvikla ein modell for drift og eigarskap som skal sikre best mogleg utnyttelse og gi almennyttige organisasjonar tilgang til å nytte avanserte dronar med avansert sensorikk i søk og redningsoperasjonar, til kartlegging eller andre operasjonar. Sjølv om det eksisterar dronar med eigenskapar for lodrett start og landing frå før er dei sjeldant optimale med tanke på yting og kostnadseffektivitet fordi dei er basert på bruk av to separate sett av motorar og propeller for start/landing og normal flyging. Gjennom å utvikle eit design som endrar retning på skyvkrafta med variabel geometri OG kombinere det med eit tilpassa flygemønster er det mogleg å oppnå dei same eigenskapane med ein lettare, enklare og rimelegare UAV som då kan ha større lastevne og rekkjevidde. For å lukkast er utfordringa å tilpasse mange parametre samtidig slik at maskin og operasjon er gjensidig optimaliserte og ein kan utføre den ønska misjon på mest mogleg kostnadseffektiv måte.
Kilde og proveniens
SkatteFUNN publiserer prosjektidentitet, periode, eier og godkjenningsstatus uten prosjektbeløp.
Åpne prosjektet i ProsjektbankenMottaker kobles med organisasjonsnummer. Program og prosjektidentitet forblir kildeavgrenset.
Ikke publisert er en egen tilstand og betyr verken null eller ukjent utbetaling.