STØTTERADAROffentlig finansiering
Profesjonell tilgangLogg inn
Meny

Berekraftig omstilling av lakseproduksjonen i sjø

Godkjent SkatteFUNN-prosjektMottakerFJORD MILJØ ASProsjekt-ID340090
Godkjent SkatteFUNN-prosjektBeløp ikke publisertKilden publiserer ikke beløp per prosjektPer prosjekt · SkatteFUNN / Norges forskningsråd

Godkjenningen dokumenterer en skattefradragsordning, men kilden publiserer ikke faktisk skattefradrag per prosjekt.

Prosjektopplysninger

Prosjektperiode
Instrument
Skatte-/avgiftsfordel
Vedtaksdato
Program/aktivitet
SkatteFUNN
Prosjekttype
SkatteFUNN-prosjekt
Kommune
Stad
Fylke
Vestland

Offentlig prosjektsammendrag

Noreg sin akvakulturproduksjon har stagnert og i nokre produksjonsområde får ein ikkje lov til å vekse, men blir pålagt redusert produksjon. Vi ser også døme på at ein ikkje meistrar å produsere det ein har lov til på grunn av biologiske utfordringar. Det store talet laks som døyr i merdane kvart år syner dette. I stor grad kan desse tala settast i samanheng med tiltak og behandling mot lakselus. Stortingsmeldinga om vekst i havbruksnæringa slår fast at utvikling av teknologi og nye driftsformer er vegen til miljømessig berekraftig vekst. Tempoet i denne utviklinga er i dag for lav. For mange laks døyr i merdane, påkjenninga er stor for dei som arbeider med fisken, haldningane til laksenæringa vert negativ blant folk og i lokalsamfunn ein er avhengig av. Nasjonen når ikkje sine mål om vekst av ei viktig eksportnæring der vi har naturlege fortrinn. Fyrste steget til berekraftig auka produksjon må vere å redusere talet på fisk som døyr i produksjonen i sjøfasen. For å kome dit er det er behov for omfattande, systematisk forsking og utvikling som konsentrerer innsatsen for å finne fram til berekraftige, optimale og framtidsretta produksjonsformer- og teknologi. Det kan løyse problema i dag, og legge til rette for berekraftig vekst. I dette FoU-prosjektet har basis i ei overordna hypotese om at nøkkelen til berekraftig vekst ligg i omsynet til fisken sitt biologiske behov. Gjennom riktig bruk av teknologi er det vår hypotese at det er mogleg å skape og oppretthalde eit optimalt miljø i merdane gjennom å bruke ressursane naturen tilbyr på den enkelte lokalitet. I dette prosjektet vil ein utvikle og evaluere effektar av samspelet mellom bruk av skjørt som skjerming mot lus og kompenserande tiltak for å oppretthalde eit godt merdmiljø innanfor skjørtet. Ein vil få vitskapleg dokumentasjon på fleire spesifikke framgangsmåtar som vil ha stor verdi for næringa i omstilling til auka berekraft i det grøne skiftet.

Kilde og proveniens

KILDEFAKTUM

SkatteFUNN publiserer prosjektidentitet, periode, eier og godkjenningsstatus uten prosjektbeløp.

Åpne prosjektet i Prosjektbanken
RADAR-NORMALISERING

Mottaker kobles med organisasjonsnummer. Program og prosjektidentitet forblir kildeavgrenset.

DEKNINGSGRENSE

Ikke publisert er en egen tilstand og betyr verken null eller ukjent utbetaling.