Anskaffelse av utstyr og produksjon av medisinsk terapøytiske celler og forbedra kreftbehandling
Godkjenningen dokumenterer en skattefradragsordning, men kilden publiserer ikke faktisk skattefradrag per prosjekt.
Prosjektopplysninger
- Prosjektperiode
- Instrument
- Skatte-/avgiftsfordel
- Støttegiver
- SkatteFUNN / Norges forskningsråd
- Vedtaksdato
- Program/aktivitet
- SkatteFUNN
- Prosjekttype
- SkatteFUNN-prosjekt
- Kommune
- Bergen
- Fylke
- Vestland
Offentlig prosjektsammendrag
Alden Cancer Therapy II er eit firma som spring ut frå forskningsmiljø ved Universitetet i Bergen, Helse Bergen og University of Washington, Seattle, USA. Firmaet disponerer lisens til ein metode for kreftbehandling som er kalla cryoimmunterapi, forkorta CryoIT. Første fase klinisk utprøvning er nyleg gjennomført med så lovande resultat at neste fase klinisk utprøvning er under planlegging. Erfaringar frå den gjennomførte pasientbehandlinga og forskning basert på pasientprøvene gir grunnlag for forbedringar av metoden. Ved CryoIT blir pasientens eigne, oppformerte immunceller (dendrittiske celler) injiserte i kreftvevet inne i pasienten etter at tumorvev er drept ved ein kontrollert fryse-tine-prosess. Dei dendrittiske cellene kan derved detektere dei forandringane som er oppstått i kreftceller og instruere immunsystemet til eit samla angrep på kreftceller som er spreidde i kroppen. Det er eit formidabelt problem ved kreftbehandling at kreftceller opptrer i multiple variantar i den enkelte kreftsvulst og frå pasient til pasient. Ved kreftbehandling finst det svært ofte variantar av kreftcellene som er mostandsdyktige mot ei gitt behandling, og desse resistente kreftcellene vil gjendanne svulsten. Her kjem styrken til CryoIT inn. CryoIT er ei persontilpassa behandling som kan overvinne heterogenitet (variabilitet) av kreftceller ved at dei dendrittiske cellene detekterer alle forandringane i svulsten. Den gjennomførte kliniske utprøving på prostatakreft har gitt grunnlag for ei rekke forbedringar for neste generasjon CryoIT. Utprøvinga blir utvida til nyrekreft og gynekologisk kreft. Det blir etablert ny og robust produksjon av meir potente dendrittiske celler og andre immunceller i Bergen. Dei nye cellene og ei rekke andre forbedringar av CryoIT vil inngå i neste generasjon protokoll som blir utvikla i dette prosjektet. I den kliniske utprøvinga blir det gjort nye og avanserte analyser i eit biomarkørprogram for solid dokumentasjon av den nye behandlinga.
Kilde og proveniens
SkatteFUNN publiserer prosjektidentitet, periode, eier og godkjenningsstatus uten prosjektbeløp.
Åpne prosjektet i ProsjektbankenMottaker kobles med organisasjonsnummer. Program og prosjektidentitet forblir kildeavgrenset.
Ikke publisert er en egen tilstand og betyr verken null eller ukjent utbetaling.