Ny trålkonfigurasjon
Godkjenningen dokumenterer en skattefradragsordning, men kilden publiserer ikke faktisk skattefradrag per prosjekt.
Prosjektopplysninger
- Prosjektperiode
- Instrument
- Skatte-/avgiftsfordel
- Støttegiver
- SkatteFUNN / Norges forskningsråd
- Vedtaksdato
- Program/aktivitet
- SkatteFUNN
- Prosjekttype
- SkatteFUNN-prosjekt
- Kommune
- Kinn
- Fylke
- Vestland
Offentlig prosjektsammendrag
Tråling er ein fisketeknikk som har eksistert i fleire hundre år og har utvikla seg frå små handholdte reiskap til dagens store fabrikktrålarar. Fiskemetoden går ut på at ein trålpose vert slept etter fartøyet gjennom vassøyla (pelagisk) eller langs botnen. Trålen vert slept etter fartøyet via to "tråldører" som vert pressa ut til sidene når fartøyet dreg dei gjennom vatnet. Dette sikrar ei optimal opning av trålen horisontalt. Fiskemetoden er effektiv men også energikrevjande. Dette prosjektet skal utvikle eit nytt tråldesign tilpassa ein ny måte å taue trålen. Gjennom dette kan ein redusere motstanden og dermed også redusere krafta ein treng for å utføre fiskeriet. På denne måten skal vi redusere både klimagassutslepp og kostnadar samstundes som vi aukar fangsteffektiviteten. Ein stor del av fiskeriet i Noreg og internasjonalt føregår med trål. Trål som reiskap er også aktuelt i nye fiskeri etter nye artar. Små forbetringar i trålteknologien vil difor ha stor effekt samla sett. Vi ynskjer å vere den leverandøren som kan tilby dei beste og mest berekraftige produkta i denne marknaden. Dersom dette prosjektet lukkast og næringa tek teknologien i bruk vil vi kunne redusere klimagassutslepp frå tråling med 5-10 %.
Kilde og proveniens
SkatteFUNN publiserer prosjektidentitet, periode, eier og godkjenningsstatus uten prosjektbeløp.
Åpne prosjektet i ProsjektbankenMottaker kobles med organisasjonsnummer. Program og prosjektidentitet forblir kildeavgrenset.
Ikke publisert er en egen tilstand og betyr verken null eller ukjent utbetaling.