Digital tvilling for næringsbygg
Godkjenningen dokumenterer en skattefradragsordning, men kilden publiserer ikke faktisk skattefradrag per prosjekt.
Prosjektopplysninger
- Prosjektperiode
- Instrument
- Skatte-/avgiftsfordel
- Støttegiver
- SkatteFUNN / Norges forskningsråd
- Vedtaksdato
- Program/aktivitet
- SkatteFUNN
- Prosjekttype
- SkatteFUNN-prosjekt
- Kommune
- Stad
- Fylke
- Vestland
Offentlig prosjektsammendrag
Digital tvilling for tekniske anlegg. Allereie før bygget står der, skal VirtualHouse sørge for at dei tekniske installasjonane fungerer saman. Når alt vert testa virtuelt, betyr det at eventuelle feil og endringar i funksjonar kan utbetrast før utstyret er kjøpt inn. Det same gjentar seg seinare, når bygget og dei tekniske anlegga skal oppgraderast. Dersom det tekniske anlegget skal fungere saman, krev det koordinering mellom mange fag. I dag føregår koordineringa i hovudsak med møte, epost, Word og Excel. Prosjektorganisasjonen har ingen måte å vite om systema fungerer i lag før dei er starta opp og sett i drift. Dette er eit stort problem i alle prosjekt og gjer det vanskeleg å planlegge. Sjølv om det finst rettleiar og standardar for systematisk ferdigstilling, idriftsettjing og prøvedrift, kan ein ikkje vera sikker på at alt fungerer før det er prøvd i praksis. Konsekvensen er då i mange tilfelle at næringsbygget fungerer dårlegare enn det burde. Byggekostnaden er liten samanlikna med kva det kostar å drifte eit bygg. Dersom det fungerer dårlegare enn det burde, vert og driftskostnadane høgare. Dette reduserer marknadsverdien til næringsbygget. Simuleringar og ein digital tvilling gjer det og enklare å engasjere driftspersonell allereie i prosjektfasen. Ved å kople det sentrale driftssystemet til simulatoren, kan utviklinga av dette begynne før bygget er på plass. Då kan dei som skal drive bygget komme på banen tidlegare og heile systemet kan optimaliserast for effektiv drift. Talet på bygningar skal doblast innan 2060. Det tilsvara ein ny New York City kvar månad. Løysingar som dette er med på å gjere næringa meir innovativ, berekraftig og rasjonell.
Kilde og proveniens
SkatteFUNN publiserer prosjektidentitet, periode, eier og godkjenningsstatus uten prosjektbeløp.
Åpne prosjektet i ProsjektbankenMottaker kobles med organisasjonsnummer. Program og prosjektidentitet forblir kildeavgrenset.
Ikke publisert er en egen tilstand og betyr verken null eller ukjent utbetaling.