Utvikling og testing av ny termisk foredling og tørke-teknologi for biomasser
Godkjenningen dokumenterer en skattefradragsordning, men kilden publiserer ikke faktisk skattefradrag per prosjekt.
Prosjektopplysninger
- Prosjektperiode
- Instrument
- Skatte-/avgiftsfordel
- Støttegiver
- SkatteFUNN / Norges forskningsråd
- Vedtaksdato
- Program/aktivitet
- SkatteFUNN
- Prosjekttype
- SkatteFUNN-prosjekt
- Kommune
- Sunnfjord
- Fylke
- Vestland
Offentlig prosjektsammendrag
Hellenes AS har utvikla ein unik teknologi for termisk separasjon av oljeboringsavfall. Teknologien baserer seg på indirekte oppvarming, gjerne ved hjelp av overskotsvarme og oppnår ein varmeoverføringsevne som er 10-20 gonger høgere enn andre indirekte metodar. Som ein konsekvens av dette, kan Hellenes bygge eit anlegg til halvparten av prisen, energibruken (ved å nytte overskotsvarme) og størrelsen til konkurrerande teknologi. Dette gjev sjølvsagt Hellenes eit fortrinn i oljebransjen, men endå meir interessant er korleis denne nyvinninga kan nyttast på bioavfall. Fleire bransjar sliter i dag med at bioavfall hopar seg opp, fører til utslepp av farlege stoffer og er generelt ein trussel for miljøet. Difor kan bedre utnyttelse og foredling av biomasser vere ein nøkkel for å redusere utslepp. Ved å tørke massen kan den gjenbrukast som gjødsel, dyrefor eller til forbrenning. Med Hellenes sin nye teknologi kan ein bruke damp, eksos eller andre varmekjelder til å tørke store mengder avfall som til dømes kloakkslam, fiskeslam, bi-fangst og olivenrestar med svært lav netto energibruk. I tillegg kan anlegget køyrast på høg temperatur dersom ein ønsker eit pyrolysert sluttprodukt i form av biokol, olje og syntesegass. Hellenes bygger no eit testanlegg som er berekna på biomasse og skal etter planen starte testing i 4-kvartal 2020. Målet med prosjektet er å tørke forskjellige typar biomasse på forskjellige temperaturar for å finne dei mest verdifulle sluttprodukta. Ved vanleg tørking ser ein til dømes på kor mykje fosfor som bli igjen i sluttproduktet fordi det er essensielt dersom massen skal gjennbrukast som gjødsel. Ved pyrolyse er askeinnhald og fast-karbonprosent viktige parameter som bestemmer verdien på produktet.
Kilde og proveniens
SkatteFUNN publiserer prosjektidentitet, periode, eier og godkjenningsstatus uten prosjektbeløp.
Åpne prosjektet i ProsjektbankenMottaker kobles med organisasjonsnummer. Program og prosjektidentitet forblir kildeavgrenset.
Ikke publisert er en egen tilstand og betyr verken null eller ukjent utbetaling.