Smart Sea System vekst
Godkjenningen dokumenterer en skattefradragsordning, men kilden publiserer ikke faktisk skattefradrag per prosjekt.
Prosjektopplysninger
- Prosjektperiode
- Instrument
- Skatte-/avgiftsfordel
- Støttegiver
- SkatteFUNN / Norges forskningsråd
- Vedtaksdato
- Program/aktivitet
- SkatteFUNN
- Prosjekttype
- SkatteFUNN-prosjekt
- Kommune
- Stavanger
- Fylke
- Rogaland
Offentlig prosjektsammendrag
Den maritime næring er den eldste industrien i Noreg. Store og små reiarlag har kome og gått. Nordmenn var i tidligare tider bilig arbeidskraft som tente på norske og utanlandske farty over heile verda. Tryggleiken var mellom elendig og dårlig. Nasjonale og internasjonale lovgivarar har teke ansvar. I beste hensikt er det dei siste 150 år komen ei lang rekke tiltak for å betre tryggleiken til sjøs. Det kan vera fyrlyktar, lastemerke, losteneste, og ikkje minst eit stort og omfattande regelverk. I dag finn selskap og mannskap om bord i flåten at det ikkje er så lett å følge alle reglane på ein enkel og smidig måte. Det er for mykje å setja seg inn i. Mange klager over at dei nytter for lang tid til å orientere seg i regelverket og skjøtte internadministrasjonen i staden for å segla. Det går nå farty med offiserar i styrehuset som berre har administrative oppgåver! Smart Sea System har eit digitalt system som forenklar kvardagen til mannskap om bord, reiarlag og management selskap. Deira system er i dag ein konfigurerbar infrastruktur som er i daglig bruk for sikkerhetsstyringssystem og teknisk vedlikehald. Erfaringane er at når systemet er satt i drift og mannskap er kjende med det så nyttar dei berre nokre minutt til dagen for å halde kontroll. Systemet er tungt på automatisering av det som tidligare var manuelle prosessar. Neste steg er å utvida automatisering til fleire område. Det skal leggast til rette for at fleire oppgåver skal inn i systemet og større brukargrupper skal forenkla kvardagen sin med det. I tillegg skal det utviklast nye prinsipp for Human Factors Engineering. Det tyder at brukarane vil kunne gjere stadig meir komplekse oppgåver samstundes med at dei sjølve oppfattar det som enkelt. Det vil også koma aktivt bruk av instrumentering og internet of things i ei utvida kontekst der alle datakjelder kan nyttast. Denne teknologien vi opna for ei heilt anna grad av samhandling enn det vi har sett i dag.
Kilde og proveniens
SkatteFUNN publiserer prosjektidentitet, periode, eier og godkjenningsstatus uten prosjektbeløp.
Åpne prosjektet i ProsjektbankenMottaker kobles med organisasjonsnummer. Program og prosjektidentitet forblir kildeavgrenset.
Ikke publisert er en egen tilstand og betyr verken null eller ukjent utbetaling.